Uthus stod i full fyr

Politiet melder at brannen no er sløkt, men at bygget er totalskadd. Illustrasjonsfoto 

Nyheter

Klokka kvart over fem i ettermiddag fekk politiet i Vanylven varsel om brann, eit uthus hadde byrja brenne i Slagnes.

Naudetatane rykka ut på meldingane.

Vest politidistrikt melder at brannen no er sløkt, men at bygget er totalskadd.

Årsaka til brannen er førebels ukjend.

Synste Møre skriv at reiskapshuset det tok fyr i ligg like vest for kyrkja, og at det ei stund var kraftig varme- og røykutvikling. Det var ikkje fare for omkringliggande hus, skriv avisa.

Etter det ein har kjennskap til var uthuset utan elektrisitet, så det er uvisst kva som starta brannen.