«Likestilt»:

Vil ta i eit tak for kortare ventelister

Mari Glomnes Øyen (27) har nyleg starta opp som fysioterapeut i Måløy. Øyen håpar ho kan vere med å bidra til reduserte ventetider i kommunen.

Mari Glomes Øyen har nyleg starta opp som privatpraktiserande fysioterapeut i Måløy. Dette håpar ho kan bidra til reduserte ventelister. – I dag er det ingen andre fysioterapeutar som driv heilt privat her. Mange ønskjer å kome raskt til behandling, og sidan eg ikkje har venteliste håpar eg å kunne hjelpe folk på den måten, seier ho. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

– Fysioterapeutane i kommunen har ventelister på fleire månader. Dette er synd, då det er ein fordel for pasientar å kome raskt til behandling, forklarer Øyen, som er privatpraktiserande fysioterapeut og har starta opp hos Kiropraktor Kvalheim i Måløy sentrum.