Siv har sett kurs mot toppen

Siv Oldeide har tatt det første steget mot draumejobben som kaptein. På vegen dit er det viktig for 21-åringen å vere sjølvstendig.

Siv Oldeide frå Kulen i Vågsøy er nyleg ferdig med ein bachelor i nautikk. No skal ho ut i lære som kadett, og ser fram til å klatre stega mot draumejobben som kaptein. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

– Målet er å nå toppen. Eg skal bli kaptein ein gong. Ein kan ikkje la seg avgrense av sine eigne tankar. Eg har av og til tenkt på om eg kjem til å klare det, men så tenker eg også at kvifor skal ikkje eg klare det når han klarer det, og kvifor skal ikkje eg klare den jobben han klarar, seier Oldeide.