I går kom han til Måløy i rosa limousin etter å ha besøkt lokale bensinstasjonar og butikkar som skal vere med på prosjektet.

- Vi har fått med oss Yx i Deknepollen, på Stårheim, Nordfjordeid, i Stryn og i Florø. Samtidig har vi nesten landa ei avtale med nokre kiwibutikkar, fortel han.

Bernhard Myrstad i rødt slips, Ragnar Hatlø i kvit skjorte (medeigar i selskapet og konseptutviklar), Severin ”Mini me” Brunes, Frank Pompel Eiksund med raud sløye og Kurt Falch Stokke. Monika Wolos jobbar på Yx Deknepollen.

Falch Stokke har både foreldre og anna familie i Måløy, og budde her sjølv for 2013 til 2015. Ein av grunnane til at han ville utvikle appen var å få kundane tilbake til lokale butikkar.

- Internett tek ein større og større del av marknaden, og no håpar vi at dette kan bidra til å gi dei lokale butikkane ein større bit av kaka, forklarar Falch Stokke.

Du kan lese meir om pølse-appen i tysdagsavisa.