«Likestilt»:

– Eg trur aldri det kjem til å bli slik at halvparten av dei i Forsvaret er kvinner

Ingebjørg Scott Bale frå Nordfjordeid går Luftkrigsskolen i Trondheim. Ho meiner Forsvaret har godt av og treng fleire jenter.

– Eg trur miljøet blir meir ope og at ulikskap blir meir sett pris på når det kjem fleire kvinner inn i Forsvaret, seier Ingebjørg Scott Bale, som sjølv har funne seg godt til rette i Forsvaret. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

– Eg trur aldri det kjem til å bli slik at halvparten av dei i Forsvaret er kvinner, og det tenker eg er greitt. Det er forskjell på arbeidsoppgåvene, og eg ser Forsvaret sitt behov for begge kjønn. Ei 60/40 fordeling, trur eg hadde fungert fint, fortel Bale.