– Det er utruleg imponerande med slike verksemder som veks fram i små bygder og sel varene til verdsmarknaden. Dette er eit godt døme på korleis vi kan skape nye arbeidsplassar. Då er private næringsdrivande viktige, dei ser desse moglegheitene, meiner Listhaug.

Denne pakningen med laks produsert i Syvde skal eksporterast til den amerikanske marknaden.

– Her i området er det få offentlege arbeidsplassar. Då er det viktig at næringslivet blir gjevne vilkår som gjer at dei kan utvikle arbeidsplassar. Formuesskatten som vi kjempar for å redusere, er eit verkemiddel. No har eg reist rundt i Møre og Romsdal og møtt bedriftseigarar. Det er dyktige folk som set si ære i å skape verdiar og gje tilbake til lokalsamfunnet, legg ho til.

Omset for nesten ein milliard

Hofseth International har utspring på Ellingsøy, med gründer Roger Hofseth som drivkraft.

Stor maskinpark: Hofseth har avanserte produksjonsliner i samband med prosesseringa av laks og aure.

Selskapet gjorde i fjor eit stor oppkjøp i oppdrettsnæringa då dei sikra seg Fjordlaks Aqua i kompaniskap med japanske investorar. Kjøpesummen var over ein milliard kroner.

– Vi kjøpte bygningsmassen etter det nedlagde meieriet i Syvde og flytta inn i desember 2005. Vi har anlegg tre plassar, men dette er det største. Vi omset for nesten ein milliard i året i Syvde. Hofseth er størst på foredling av laks og aure i Norge med 14 prosent av marknaden, seier Roger Hofseth.

Eksport til Nord-Amerika utgjer meir enn 50 prosent av inntektene. Kundane er leiande daglegvare- og restaurantkjeder.

Hofseth nytta høvet til å snakke om det han meiner er eit stort potensial for auka norsk foredling, og dermed fleire arbeidsplassar og større verdiskaping, der distrikta sit på store ressursar.

Vil endre systemet

– Den største utfordringa vår er tilgang på råstoff. Enkelte produsentar som har lagt foredlinga til utlandet, er ikkje interessert i å selje råstoff til oss som er konkurrentar, seier han.

Hofseth meiner også staten må legge om konsesjonssystemet i oppdrettsnæringa.

Besøk: Roger Hofseth i samtale med Sylvi Listhaug.

– Konsesjonane er så dyre at berre nokre få har sjanse å kjøpe dei, og det er dei som er store frå før. Vi må gjere som med oljen, at ein rimeleg del av verdiane kjem tilbake til fellesskapet, til dei kommunane der anlegga ligg.

For naturressursane høyrer til fellesskapet, meiner han.

– Ein del av konsesjonane bør prioriterast til aktørar som satsar på norsk foredling. Utleige av konsesjonar kan vere ei løysing.

Eit siste tema Hofseth la vekt på i samtalen med ministeren, var EØS-avtalen.

– EØS-avtalen er eit vere eller ikkje vere for verksemder som oss.