August er den månaden i året kor det vert stole flest syklar i Norge, og den absolutte tjuveritoppen er i dagane rundt skulestart, opplyser forsikringsselskapet If i ei pressemelding.

Dei har gjennomført ei analyse av tusenvis av sykkeltjuveri dei siste fire åra, som viser at talet på sykkeltjuveri går ned i sommarvekene, men har eit tydeleg oppsving rett før og rett etter ferien.

Tjuveritala hos If viser at talet på sykkeltjuveri er nesten 30 prosent høgare i august enn i juli.

- Nokre tjuvar tek sikkert sommarferie, men hovudårsaka er nok at det rett og slett er færre syklar ute på gater og vegar når folk ikkje syklar til og frå jobb og skule, seier kommunikasjonsrådgivar i If, Sigmund Clementz.

Og perioden 19.-26. august peikar seg ekstra ut med tal tjuveri.

- Kanskje ikkje overraskande ettersom folk flest er tilbake til kvardagen etter ein sommar kor det kanskje har vore lite aktivitet på sykkelen, seier Clementz.

Også store mørketal

I løpet av 2016 blei 11 203 syklar meldt stolne til forsikringsselskapa, ifølgje bransjestatistikk frå Finans Norge. Men tala er i verkelegheita fleire tusen høgare, fordi mange syklar med lav verdi ikkje vert meldt stolne, verken til forsikringsselskap eller politi.

If anbefaler alle med sykkel å ta forholdssreglar som held tjuvane vekke.

- Ein solid lås på sykkelen er viktig, men er ikkje alltid nok for å skremme tjuven. Det er faktisk ein del andre saker som verkar vel så mykje inn på om tjuven vel å gå laus på din sykkel eller ikkje, påpeikar Clementz og legg til: - Med nokre enkle grep kan du gjere det ubehageleg for tjuvar på speiding, og minke sannsynet for at din sykkel vert borte.

  • Lås sykkelen der det stor trafikk av folk, og fest sykkelen til noko det ikkje går an å flytte på.

  • Ta med deg setet og verdifulle delar, som for eksempel lykter, når du parkerer. Det gjer sykkelen din mindre attraktiv.

  • Om det er praktisk mogleg, bruk to låsar, gjerne med litt ulike sikkerheitsanordningar. Då må tjuven kanskje bruke dobbelt så lang tid på din sykkel, med enda større fare for å bli oppdaga enn elles.