«Likestilt»:

Bente har fleire tusen bier

Det starta med eit tilfeldig besøk på ein bigård i 2001. – Eg vart hekta, seier birøktar Bente Rylandsholm. Ho har fleire tusen bier.

Bier kan stikke, og du treng ein spesiell type anorakk med netting på hovudet når du opnar bikubene. Bente Rylandsholm meiner biene hennar i Hennebygda har landets vakraste utsikt over Nordfjorden. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD 

Likestilt
  • Reportasjeserie som vart starta i Fjordenes Tidende i mars. Prosjektet har som mål å gi eit bilde av kvinner sin kvardag i 2017, samt å få fleire kvinnelege kjelder i avisa.
Nyheter

For tida er bikubene hennar plasserte i Hennebygda i Eid. Der har dei sørga for pollinering av frukttre. Honning er eit godt biprodukt av aktiviteten med å befrukte plantar som gjev frukter og bær. Biene tek nemleg med seg nektar tilbake til bikuba, og omdannar det til honning.

Les meir om «Likestilt» her.

Rylandsholm seier kunnskapen om kor mykje biene har å seie for at økosystemet skal fungere, er ei viktig årsak til at ho er hekta.

Vil ha fleire med: – Fleire bør skaffe seg ei bikube eller to. Bier er veldig viktig for det økologiske systemet som vi alle er avhengig av, seier Bente Rylandsholm. 

 

– Å ha bier i pollineringa har enormt mykje å seie for produksjonen av frukt og bær. Det er der den største verdien ligg. Ein ser stor skilnad innanfor og utanfor vandringsområdet til biene der det er kuber, seier birøktaren.

Ho har fire til seks bikuber plassert på garden til plommedyrkar og sauebonde Mari-Janne Henden og mannen Svein. Bente og Mari-Janne er lærarkollegaer ved Eid vidaregåande skule.

Flyttar dei snart til Berle

Rylandsholm fortel at biene er eit populært innslag hjå frukt- og bærdyrkarane i Hennebygda, nettopp fordi dei hjelper til med å auke avlinga. Når juli er omme og blomstersesongen i frukthagane er over, flyttar ho bikubene til Berle i Bremanger.

Då startar lyngsesongen. Ein stor honningprodusent er Bente Rylandsholm ikkje. Men på gode år kan biene hennar produsere fleire titals kilo honning. Ho fortel at det er eit godt birøktarmiljø i området her, og at aktiviteten er aukande.

har fleire tusen: På ein god sommar blir det nokre titals kilo honning for birøktar Bente Rylandsholm. Men det er meir utgifter enn inntekter. 

 

Leiar i Fjordane Birøktarlag, Johannes Nedrebø, held til på Anda i Gloppen. Der har miljøet felles lokale med utstyr til å bearbeide honningen til mat.

– Vi har felles slyngerom på Anda. Det fungerer slik at biene legg honningen inn i vokstavler i bikubene. Når biene forseglar tavlene med voks, er honningen moden. Då fjernar vi voksen og set tavlene i sentrifuge. Voksen tek vi vare på og sender til Honningsentralen der han blir brukt til å støype nye tavler.

Meir utgifter enn inntekter

Rylandsholm-namnet har ho frå farssida frå Svelgen. Birøktaren budde ungdomsåra i Nesbyen i Hallingdal. Ho har også budd i Porsanger i Finnmark, og ho fortel at det var der interessa for bier vart vekt.

– Eg kom forbi ein nabogard der dei hadde bier. Det var veldig rart, eg vart hekta med ein gong. Eg fekk mi første bikube der i 2001 og heldt på til eg flytta i 2005. Så budde eg i Nesbyen att nokre år. Der kunne eg ikkje ha bier fordi staden er sentral i avlsarbeidet for dronningar. Men då eg flytta til Eid for fem år sidan, fekk eg meg eit par avleggarar og byrja på att.

Honningen sel ho privat. Det er ikkje forretningsmessige grunnar til at ho held på.

– Det er meir utgifter enn inntekter. Ikkje minst har eg ein kostnad med kjøp av sukker. På somrar med dårleg vêr som i år, må eg supplere bikubene med sukker. Men eg skulle ønske endå fleire fekk opp auga for kva fantastisk produkt honning er og skaffa seg ei bikube eller to. Honning er reint og ubehandla, og biene er veldig viktig for det økologiske systemet som er vårt livsgrunnlag.

I byrjinga av september er lyngsesongen over, og biene gjer seg klar til vinter. Bikubene står ute heile vinteren.

Dei klumpar seg saman og har eit spesielt system for å halde varmen, der dei byter på ligge ytst mot kulden. Før den tid er det eit drama på liv og død.

– Biene tek knekken på alle hannbiene i det såkalla droneslaget. Alle hannbiene døyr, slik at eg kan redusere ned til ein kasse.