«Likestilt»:

Fryktar at damene blir skremt vekk

Arbeidarpartiet sin Frode Kupen er redd for at tonen i den politiske debatten kan resultere i at unge kvinner vegrar seg for å bidra i Vågsøy-politikken.

Kommunestyrepolitikar Frode Kupen meiner miljøet i det politiske rom i Vågsøy fører til at unge kvinner vegarar seg for å bidra i politikken. Her med Tove Lill Refvik Volle (f.v.), Stine Kråkenes Øverlid, Roger Silden og Roger B. Silden Foto: Sindre Blålid Kvalheim 

Nyheter

– Eg syns ærleg talt at miljøet i kommunestyresalen og den praten som politikarar driv med utanfor salen til tider er for brutal. Det er lite respekt for at det er folk som er med på å ta eit samfunnsansvar, ubetalt såleis, meiner Kupen.