– Vi vil fortsette å leite. Søket pågår i nærområdet, men vi ekspanderer søkeområdet utover dagen, fortel operasjonsleiar Ole Tom Nord.

22-åringen har vore sakna frå heimen sin i Tiurvegen i Svelgen sidan tysdag ettermiddag. Ivancik vart meldt sakna onsdag kveld.

Politiet har i samråd med familien til den sakna frigitt dette bilete.

I føremiddag vart det sett inn eit helikopter i søket etter Ivancik.

– Helikopteret har søkt langs fjorden frå Dyrstad til Svelgen og ut på sørsida, opplyser operasjonsleiaren til Fjordenes Tidende.

Natt til torsdag var hundepatruljar frå Norske Redningshunder ute for å leite etter 22-åringen. Klokka 09 torsdag morgon starta også politiet, Røde Kors, Sivilforsvaret og Norske Redningshunder opp igjen søket.

Politiet har framleis inga formeining om kva som har skjedd, og ønskjer tips frå publikum. Politiet har snakka med mor og stefar til den sakna som heller ikkje kan kaste lys over kva som kan ha skjedd.

Den sakna er om lag 175–178 cm høg, slank/tynn. og med lyst brunt hår. Politiet trur han kan vere iført svart/mørk grå hettegenser, blå dongeri og blå sko med kvite lisser. Har du tips i saka kontakt politiet på telefon 02800.