Sakna person er funnen omkomen

Fredag ettermiddag klokka 16.36 vart den 22 år gamle Pavol Ivancik funnen død av ein hundeekvipasje frå Norske Redningshunder.

Illustrasjonsfoto 

Nyheter

22-åringen har vore sakna frå heimen sin i Tiurvegen i Svelgen sidan tysdag ettermiddag. Han vart meldt sakna onsdag kveld. Etter det har det har store styrkar delteke i leitinga etter den sakna personen.


Bruker drone i søket etter Pavol (22)

22 år gamle Pavol Ivancik er fortsatt savnet. Politi og Røde Kors fortsetter leteaksjonen utover dagen.

 

Operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Trond Hatlenes, seier til Fjordenes Tidende at det ikkje er noko som tyder på at det har skjedd noko kriminelt.

Alle pårørande er varsla om funnet av den unge personen som altså var død.

- Vi er imponert over alle som har stilt opp og delteke i leiteaksjonen. Det har vore mange som har brydd seg. Tusen takk til alle desse, seier Hatlenes.


Held fram søket utover dagen

Søket etter 22 år gamle Pavol Ivancik vil halde fram med uforminska styrke utover dagen.