«Likestilt»:

– Veljarane vil ha høge, mørke menn

Eli Førde Aarskog (H) og Siri Sandvik (Ap) meiner det er synd at kvinner er underrepresenterte i kommunestyra i regionen. Dei meiner både kvinnene sjølve, partilaga og veljarane må ta grep.

Varaordførar Eli Førde Aarskog (t.v.) i Eid og gruppeleiar Siri Sandvik i Arbeidarpartiet i Eid vil at fleire skal engasjere seg i kvinnerepresentasjon i lokaldemokratiet. Dei meiner både kvinner, veljarar og partilaga må ta ansvar for å få fleire kvinner inn i lokalpolitikken. Bildet er tatt under Aarskog og Sandvik sin presentasjon for det felles kommunestyret for Selje og Eid. Foto: Christina Cantero 

Nyheter

– Når veljarane skal fylle ut stemmeseddelen sin vil dei ha høge, mørke menn. Dette er noko vi må snakke om før eit val. Jentene sjølve må bli flinkare til å markere seg og tørre å stå for noko. Media må også fange opp det som jentene engasjerer seg i, seier Aarskog.