- Eg er heilt overvelda, det har vore så sjukt mykje bra respons, seier Holvik-Eriksen og fortel at ho vert nedringt av både privatpersonar og bedrifter som ønsker å vere med på å betale for gatekunstverket.

Med alle dei positive tilbakemeldingane og alle spørsmåla om kor ein kan vere med å sponse, har Holvik-Eriksen no oppretta ei eiga innsamlingsside på spleis.no for gatekunst i Måløy.

I skrivande stund har gatekunstgruppa motteke 5000 kroner, fordelt på 27 innbetalingar frå både navngitte og anonyme givarar.

- Pengane renn inn rett og slett inn, seier ho nøgd.

- Ja, det får vere ein liten hemmelegheit enn så lenge, smiler ho.

Dei to kunstnarane, Gaute Haugland og Stepan «Bares» Markin, brukte fem dagar på heile veggmåleriet, og avslutta arbeidet med ein siste finpuss, søndag.