– Det gjev ro i sjela å bu her, seier ho frå verandaen med utsikt mot grøne åkrar og lyden av fuglekvitter så vel som høneklukking.

Ho og familien har hatt base både i Bardufoss der mannen Vegard kjem frå, og på Kolsås i Oslo. Men det vart til slutt ute på landet i Hole, og det er ein grunn til det. Grunnen er nemleg sonen Isak (9). Det blei nemleg dramatisk under ein ultralydtime då Gry var gravid med familiens tredje barn tilbake i 2007.

– Vi var på rutineultralyd i Tromsø der vi fekk vite at barnet vårt hadde ein alvorleg hjartefeil. Han måtte opererast tre gonger på Rikshospitalet for å kunne få leve opp. Med all den problematikken ville vi flytte sørover, og mannen min fekk jobb på Kolsås via Forsvaret, fortel ho.

Sonen kom til verda i oktober 2007, og under den andre store operasjonen i påska 2008 var dei nær med å miste vesle Isak.

– Det var heilt forferdeleg, men det stabiliserte seg til slutt, fortel ho.

Isak var gjennom endå ein operasjon nokre år seinare, og er no stabil nok. Han er likevel mykje borte frå skulen grunna slappheit og kvalme.

– Eg har heile tida vore ein omsorgsperson her heime, seier ho.

Les meir om «Likestilt» her.

Gry Hammer har altså vore heimeverande dei siste ti åra, og med det har ho funne sin eigen karriereveg. Frå hagen og kjøkenbordet og ut til bloggar, bøker og foredrag om mat og kosthald.

– Eg har alltid vore veldig kreativ, og maten blei ei trøyst. Det var kusina mi, Audrey, som fekk meg til å starte med blogginga. Etter kvart starta folk å følgje meg, og eg fekk mykje tilbakemeldingar, fortel ho. Vegen gjekk så vidare til å skrive bøker.

– Eg fekk nei frå forlaga i starten, men eg heldt fram med mitt. Eg blogga, hadde kurs og foredrag, og det balla på seg, fortel ho.

I 2015 fekk ho også napp hjå eit av dei store forlaga.

– Då blei det bok om fermentering på Cappelen Damm i 2016, og det blei ein bestseljar på rundt 10.000 eksemplar, fortel ho.

Boka Den Moderne Jeger kom i år, og ho har nettopp levert manus til forlaget til ei bok som kjem neste år. Gjennom mange bøker, blogginnlegg og etterfølgande intervju og merksemd har Gry Hammer blitt ein offentleg person med sine filosofiar og meiningar. Det har ikkje vore heilt enkelt å takle.

– Det eg kan sitje her og formidle og ha som levebrød er jo noko som råkar meg veldig sterkt. Det er veldig personleg for meg, og då er det ekstra belastande når ein møter sterke motførestellingar. Etter kvart som ein blir meir og meir kjent, dess fleire er det som synest du enten er fantastisk eller ein idiot, seier ho.

Ho har blitt utsett for grov personsjikane frå fleire personar, og dette har gjort inntrykk. Slike ting tek det litt tid å bli vant til.

– Ein blir herda med åra, og no bryr eg meg ikkje så stort om det. Så lenge eg kjenner inne i meg kven eg er, så får folk meine det dei vil, seier ho.

Gry har bak seg ti år med familiære utfordringar samtidig som ho har fått si eiga karriere opp å stå. Det har vore harde tak, og ho og mannen mista også kvarandre i ein periode.

– Eg har heile vegen levd i tråd med mine eigne verdiar, med nokre få avstikkarar. Det var ei 40-årskrise der vi heldt på å miste kvarandre og eg kjende at det blei for mykje, seier ho. Det blei parterapi, og ho og Vegard held saman i dag takka vere det.

– Det er så fort å gå inn i ein spiral og berre bli der. Ein på vere skikkeleg påskrudd for å ha det ordentleg bra, slår ho fast etter mange ulike erfaringar.

Ble offer for mediestorm

Gry Hammer har blitt misforstått i media, og har funne seg sjølv midt i mediestormen.

I slutten av februar i år publiserte Aftenposten sitt A-magasin eit intervju med Hammer der tips om spedbarnsernæring blei spissa såpass at Helsedirektoratet meldte seg på i debatten. Helsedirektoratet meinte at Hammer ikkje var kvalifisert til å gi råd om spedbarnsernæring basert på intervjuet i A-magasinet, der Hammer også vart kraftig mistolka. Ho kjende seg ikkje igjen i den framstillinga.

– Det heile blei ei rar og oppkonstruert sak. Eg har aldri vore ein forkjempar for spedbarnsernæring, men dersom du søkjer etter meg på internett i dag er det det som dukkar opp. Men slikt må eg tole når eg har valt å vere ein offentleg person, sjølv om det var veldig leit at det blei sånn, fortel Hammer. Saka gjekk fleire rundar i både Aftenposten og i aviser som viste til saka elles, inkludert Ringerikes Blad, Dagbladet og her i Fjordenes Tidende.

– Saka det skulle handle om var den nye boka mi om fermentering, og eg blei misforstått. Men eg søv godt om natta no, seier ho.