«Likestilt»:

Sanitetskvinnene dreiv lokalsamfunnet

Før det offentlege tok over tenester vi i dag ser på som heilt uunnverlege, var det ofte sanitetskvinnene som dreiv dette viktige arbeidet. Heilt fram til 1954 var til dømes lokal tannhelseteneste for born driven av Davik sanitetsforeining.

Til 100-års markeringa i august møtte folk både frå gamle Davik herad, tilstøytande bygder og frå Eid, Kjølsdalen, Ålfoten, Svelgen, Bremanger og Bryggja. Til høgre bak står dagens festtaler, fylkesleiar NKS i Sogn og Fjordane, Anne Marie Strømsøy. Gledeleg gjensyn prega stemninga kring festborda. Rømmegraut, kaffi og kaker skapte så avgjort den gode jubileumsatmosfæra. Fleire tilreisande kom med helsingar og blomster. Foto: Kjell Askeland 

Nyheter

I august i år runda sanitetsforeininga på Davik 100 år, og dei brukte anledninga til å tenke over dei viktige oppgåvene sanitetskvinnene har hatt i alle desse åra. Dei mimra over eit lagsarbeid som grunnleggjande har endra karakter og innhald frå 1917.