Likestilt:

Evy ønskjer å vise ei ny side av norske familiar

Evy Balsnes Klettke (35) frå Haugen i Eid har lenge hatt ein idé om å skrive ei bok som kan lære barn om ulike familiekonstellasjonar. Først for to år sidan vågde ho å sette ideen ut i live.

I 2012 gifta Evy Balsnes Klettke (t.h.) seg med Rikke. I dag har dei tre barn, og Evy meiner det er for lite informasjon om ulike familiekonstellasjonar i samfunnet i dag. Dette har inspirert den utflytta hauaren til å skrive bok om temaet. Alle Foto: Privat 

Nyheter

– Det er viktig at alle barn kan kjenne seg igjen i ulike litterære barnebøker. Eg har også tenkt mykje på å lage ei faktabok for barn, med temaet «kva er ein familie». Mange barn trur det må vere mor, far og barn. Her har foreldre, barnehagar og skular ein jobb å gjere, seier Balsnes Klettke.