Likestilt:

Emma gler seg over å kunne hjelpe andre

Emma Fønstelien (16) frå Måløy har eit sterkt ønske om å bidra. Denne sommaren sette ho seg aleine på eit fly til Nepal for å realisere ein draum.

Emma Fønstelien frå Måløy brukte tre veker av sommarferien sin på å drive frivillig arbeid i Nepal. Ein av dagane hadde ho med seg såpebobler på den internasjonale skulen der ho arbeidde. – Ungane var veldig begeistra for oss. Dei fekk snakke engelsk, og det synst dei var veldig kjekt. Ein dag kjøpte vi med oss såpebobler, og det var veldig artig å sjå kor lite som skulle til for å spreie så mykje glede, seier 16-åringen. Foto: Privat 

Nyheter

– Eg var kjempenervøs dagen før eg skulle reise. Eg hadde skikkeleg reisefeber. Eg var mest uroa for reisa, flybyte og at alt skulle klaffe, men då eg først kom fram til Nepal, innsåg eg at det ikkje var så skummelt som eg hadde tenkt, smiler Emma.