Leiar i Nordfjordrådet og Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) er godt nøgd med interessa for stillinga.

– Nordfjord er ein region i ei rivande utvikling. Næringslivet blomstrar, vi har eit sterkt reisleiv og vekst i folketal. Dette syner ein sterk og livskraftig region. Tilsetjing av ein dagleg leiar i 100 prosent vil vera eit viktig og naudsynt tiltak for å halde denne utviklinga oppe, og for å arbeide Nordfjord endå tettare saman som ein felles region, seier Leidulf Gloppestad.

No vil ei gruppe beståande av leiar i rådet Leidulf Gloppestad, nestleiar Kristin Maurstad, samt rådmenna i Eid og Stryn starte arbeidet med å plukke ut kandidatar og gjennomføre intervju. Målsetjinga er å vera klar med tilsetjing av dagleg leiar i god tid før jul.

Desse har søkt:

  • John Ivar Sunde (31), Fyllingsdalen, student

  • Konfidensiell mann

  • Trond Ness-Briskeby (44), Eid, Finance Manager hjå EA & C Services

  • Konfidensiell mann

  • Konfidensiell kvinne

  • Konfidensiell kvinne

  • Malene Lunde Sætren (28), Deknepollen, kontormedarbeider

  • Bente Kristin Jørgensen (54), Måløy, dagleg leiar

  • Erling Oppheim (50), Aurland, dagleg leiar

  • Magne Fure (41), Selje, leader Offshore Catering & Accommodation Gullfaks A

  • Olav Fure (53), Volda, bussjåfør

  • Svein F. Hole (50), Stjørdal, prosjektleiar hos Fylkesmannen i Sør-Trøndelag

Etter ei vurdering har Nordfjordrådet så langt i prosessen valt å imøtegå ønskje til fire av søkjarane om å få vere anonyme. Dette er grunna i tillitsforholdet til deira noverande arbeidsgjevarar.