Droppar å ta betaling frå ferjepassasjerar

Frå 1. januar 2018 vil det være gratis for passasjerar å reise på ferjesambandet Lote-Anda.
Nyheter

Årsaken er at det skal innførast AutoPASS-betaling med brikke på ferjestrekninga i løpet av 2018.

Følgende betalingsmåter gjeld inntil vidare: kontant, bankkort, kredittkort, verdikort og storbrukerkort for firmakundar.

AutoPASS-brikkene er dei same som blir brukt på bompengeanlegg på veg, som til dømes Førdepakken. Det blir ikkje eigne AutoPASS-brikker for ferje. AutoPASS-avtale og brikke kan tegnast hos eit bompengeselskap. Fjord1 utstedar ikkje AutoPASS-brikke, opplyser selskapet.