Markerer reformasjonsjubileet i kyrkjene

Allehelgenssøndag 5. november markerer kyrkjene i indre Bremanger at det er 500 år sidan refomasjonen.

Davik kyrkje er ein av kyrkjene i indre Bremanger som vil markere at det er 500 år sidan reformasjonen. Foto: Svanhild Breidalen 

Nyheter

– Det var sannsynligvis Allehelgenssøndag i 1517 at Martin Luther slo opp sine 95 berømte teser i Wittenberg i Tysland, for i 1517 fall Allehelgenssøndag på 31. oktober. Vi markerer dette med gudstenester i alle fem kyrkjene i indre Bremanger denne søndagen, skriv sokneprest Tor Grindland i ei pressemelding.

Dette gjeld då Davik kyrkje, Rugsund kyrkje, Midtgulen kyrkje, Svelgen kapell og Ålfoten kyrkje.

Grindland fortel at Den Norske Kirke har valt å markere reformasjonsjubileet med temaer som Det Lutherske Verdensforbundbruker globalt. Det same har ein gjort i indre Bremanger utover hausten i år.