– Eg hadde eigentleg tenk å reise i Forsvaret allereie då eg var 17, men etter to år på skuleskipet Gann i Stavanger, freista det ikkje stort å hoppe rett på førstegongstenesta på Madla, forklarar Vigdis (22).

Les meir om «Likestilt» her

Ho kom inn i Forsvaret i juli, og er førebels stasjonert på Haakonsvern i Bergen. 22-åringen har stilling som skipsteknisk gast i ubåttenesta. Oppgåvene om bord er i hovudsak å sitte med styrepulten, samt vedlikehald, bysseteneste og vaktfunksjon.

Etter skulegang på Gann tok ho læretida si på ferjesambandet Hareid-Sulesund. Deretter venta eit år med påbygg på Eid vidaregåande skule, før ho arbeidde i barnehage i Måløy og som tilkallingsvikar på Stadlandet.

– Eg visste ikkje kva eg skulle i år, så difor sit eg her, seier 22-åringen.

– Eg har hatt lyst til å gå inn i Forsvaret i nokre år, og det har vore planen min å få det til. Poenget er at det eigentleg er heilt tilfeldig at vi er her samtidig. Det var no det passa, supplerer søstera Åshild (20) til.

Åshild arbeider som sterrids (servitør) på kystvaktskipet Andenes, som driv med fiskeriinspeksjonar i vernesona i Barentshavet. I tillegg er Åshild ein del av sanitetslaget og er sjekka ut som bruvakt. Noko som betyr at ho kan sitte på brua om ho har vakt.

Positiv til allmenn verneplikt

Ifølge statistikk frå Forsvaret var det 1.244 kvinner i militæret i 2016. Dette utgjer 11 prosent av det totale talet militære i Forsvaret på 11.461.

Forsvaret har som politisk mål å ha 20 prosent militære kvinner i sine rekker i 2020.

– Eg syns verneplikt for både kvinner og menn er kjempebra. Kvinner er flinke på nokre område, og menn er flinke på andre. Det er ikkje alle plassane det er om å gjere å vere den største eller sterkaste, og det gir rom for at kvinner kan vise seg fram. I og med at det er verneplikt for kvinner også, så blir det kanskje til at fleire tør å gå inn i Forsvaret utan til dømes å tenkje at «eg er for svak». Det er i alle fall ikkje så skummelt som mange kanskje trur, seier Åshild.

På KV Andenes, der 20-åringen arbeider, er mellom 10 og 15 prosent av mannskapet kvinner.

– Grunnen til det er nok fordi dei fleste stillingane krev røykdykkarsertifikat, og då stiller gutane sterkare enn dei fleste jentene. I tillegg er det flest stillingar innan det tekniske, og igjen er det berre naturleg at det er flest menn som vel denne retninga, forklarar Åshild, som har vore i militæret sidan januar i år.

Vurderer karriere i Forsvaret

Søstrene trivst godt i militæret og ser ikkje vekk frå at ei karriere i Forsvaret kan vere vegen å gå på sikt.

– Eg startar på eit studium, som svarar til marinbiologi i Australia i februar. Om dette ikkje er noko eg ser føre meg å jobbe med resten av livet, så vil eg vurdere militær utdanning, seier Åshild.

– Om eg finn ut at Forsvaret ikkje er noko for meg, ønskjer eg å starte på vernepleiarutdanning. Men om eg trivst like godt resten av tenesta, er Forsvaret ein veg eg vurderer, slår Vigdis fast.