– Vi må heilt tilbake til november 2008 for å finne eit lågare ledigheitstal, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 15 prosent frå same månad i fjor. Det er no 66 012 heilt ledige, tilsvarande 2,4 prosent av arbeidsstyrken.

Størst reduksjon i Vågsøy i september

Hyllestad har 23 fleire ledige enn i september i fjor. Med 51 heilt ledige, tilsvarande 5,1 prosent, har kommunen høgast prosentvis arbeidsløyse i Sogn og Fjordane.

– Situasjonen i verftsindustrien og ringverknader av dette, som også fører til nokre permitterte, er mykje av forklaringa, seier Thorsnes.

17 av kommunane i Sogn og Fjordane har ein reduksjon i arbeidsløysa i september, mens 9 har ein auke. Størst reduksjon har Vågsøy og Sogndal, med høvesvis 28 og 24 færre ledige enn på same tid i fjor.

Heile 11 kommunar har under éin prosent arbeidsløyse.

Størst nedgang innan industri

Samanlikna med oktober i fjor, er nedgangen i arbeidsløysa størst innan industri og innan reiseliv og transport, med høvesvis 56 og 30 færre ledige. Størst auke er det innan bygg og anlegg med 13 fleire ledige.

I oktober var det 63 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 14 fleire enn same månad i fjor.

Tilgangen av registrerte ledige stillingar gjekk ned med 5 prosent, samanlikna med oktober i fjor. Nedgangen er størst innan undervisningsarbeid og industri, mens det er barne- og ungdomsarbeid og butikk-og salsarbeid som har størst auke. Det er flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg.