Roboten KF Chatbot er ein heilt ny og automatisert chatløysing som ifølge kommunen vil gi store gevinstar og i praksis syte for service døgnet rundt på fleire område.

Har ein spørsmål til dømes om ei byggesak eller barnehageplass, vil roboten gi deg svar.

– Vi meiner dette er framtida og noko vi verkeleg har trua på. Vanylven må tenkje nytt for at vi skal kunne halde oppe gode velferdstilbod til våre innbyggarar. Roboten som vi tek i bruk i dag, er eit skritt mot ein meir digitalisert og effektiv kvardag, seier rådmann Andreas Nørve i ei pressemelding.

Ein av sju

Roboten er ikkje ein søkemotor, men har kunstig intelligens som utviklast gjennom bruk. Kommunane er sjølv med på å utvikle dei mest vanlege spørsmåla om byggesaker, skjenkeløyve, barnehageplass, eldre- omsorg og andre spørsmål.

– Dei tilsette vil få meir tid til å løyse andre og meir krevjande oppgåver, heiter det i pressemeldinga frå kommunen.

Roboten går under namnet KF Chatbot og er utvikla av Kommuneforlaget AS i samarbeid med Convertlligence.

Løysinga blir også blant anna brukt av DNB og Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus med sine 67.000 studentar. Vanylven er ein av sju kommunar i landet som no brukar KF Chatbot.

Unik løysing

– Vi utviklar dette produktet i samarbeid med kommunane, og vi er godt i gang med å imøtekome deira individuelle behov på område, seier utviklings og leveransesjef Per Olav Nyborg i Kommuneforlaget.

Kommuneforlaget har omfattande kunnskap om det kommunale lov- og avtaleverket. Saman med allereie digitaliserte løysingar, omtaler Nyborg roboten som ei unik løysing.

– Vanylven er ein framtidsretta kommune og eg er trygg på at innbyggarane vil sette pris på denne løysinga. KF Chatbot har full støtte for nynorsk, fortel Nyborg.