– Eg har engasjert meg i dette og hadde ei ringerunde i fjor, men det var veldig liten vilje. Eg synest det er elendeleg og skammeleg at ytre Bremanger ikkje greier dette, sa Stig Bakke (KrF) i Bremanger formannskap, og viste til at bygdefolket i Davik raskt klarte å samle inn 1.4 millionar til den lokale butikken.

Utblåsinga kom i ein debatt om kor vidt kommunen skal garantere for pengane og også bla opp næringslivet sin del.

Berre ein åttandedel

Etter avtalen, som kom i stand for eit par år sidan, skal fylkeskommunen, kommunen og næringslivet betale to millionar kvar for tiltak på fv. 616 Kalvåg-Klubben, men så langt har det berre komme inn godt og vel 250.000 kroner frå næringslivet.

Både kommunen og fylkeskommunen står klare med sine pengar, men føresetnaden om næringslivet sin innsats låser pengane på konto.

– Det må skje noko no med tanke på pengane som fylkeskommunen har sagt dei vil gå inn med. Venstre er uroa for at pengane blir ståande i lang tid, vi vil derfor føreslå å forskottere dei to millionane som næringslivet skulle inn med, sa Kåre Jarl Langeland (V) i innleiinga til debatten.

Langeland meiner det er ei dårleg sak for politikarane om dei ikkje klarer å gjennomføre tiltaka, som fylkeskommunen for ein gongs skuld har gått med på å betale for.

Skuldar på næringslivet

Men Bakke fekk støtte frå både Ap, Høgre og Sp. Også rådmannen minte politikarane på budsjetthandsaminga som skulle komme seinare på dagen.

– Det er næringslivet som har gått ut med høg sigarføring, men summen har berre blitt dei berømte basarpengane. Det er utruleg dårleg, og eg må oppmode om at dei som har lova pengar held sin del av avtalen, sa Magne Ivar Kjerpeset (Sp).

– Eg tenker vi konkluderer med at dei som har lova den private delen må legge seg meir i selen, avslutta ordførar Audun Åge Røys (H).