Likestilt:

Fann leiarjobben i heimbygda

Monica Løkling Mundal sa opp banksjefjobb i Oslo og flytta heim med mann og små born i 2006 utan jobb å gå til. No gjer ho karriere i heimbygda som ny leiar i Accountor.

Monica Løkling Mundal (45) frå Haugen og ektemannen tok eit verdival då dei flytta frå Oslo for 11 år sidan. No har begge fått seg fagleg utfordrande jobbar. Foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Nyheter

– At eg skulle ende i ein slik leiarjobb var ikkje i tankane mine då vi flytta heim. Dottera vår var ein månad gamal og sonen vår nesten fire år då vi flytta. Flyttinga var eit resultat av at vi såg at tida ikkje ville strekke til med to små born og begge i tidkrevjande jobbar i Oslo. Eg vaks sjølv opp i Eid og visste det var ein god stad for born, forklarer Mundal 11 år etter.