«Likestilt»:

Går trinn for trinn mot ny kommune

Prosjektgruppa som skal gå opp vegen for den nye kommunen med Selje og Eid er leia av tre kvinner. For Åslaug Krogsæter, Kristine Dahl og Elin Paulsen er det viktig å skape noko nytt.

Prosjektrådmann Åslaug Krogsæter (f.v.), Kristine Dahl og Elin Paulsen utgjer prosjektgruppa som har ansvar for den daglege drifta av prosjektet Stad2020, som skal leie fram til samanslåinga av Selje og Eid kommunar 1. januar 2020. Dei tre ønskjer å involvere tilsette, politikarar og innbyggjarar i prosessen. Foto: Marianne S. Rotihaug  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Vi er veldig opptatt av å skape noko nytt. Ikkje berre fordi vi vil seie at vi skal skape noko nytt, men fordi vi ikkje vil halde fram i dei spora vi har vore i. Vi vil nytte høvet til å skape ein ny organisasjon med nye arbeidsformer og strukturar, om vi finn det tenleg, seier Krogsæter, som er prosjektrådmann for den nye kommunen og rådmann i Eid kommune.