Fort sagt:

Manglar du julestemning? Ta turen hit i morgon

Søndag er det klart for den tradisjonelle julekonserten i Rugsund kyrkje. Smalsarhorn skulemusikk, Nemo, Musikkverkstaden og allsong står på programmet. Arkivfoto: Svanhild Breidalen 

Nyheter

Namn: Ellen Isane

Alder: 47

Adresse: Leirgulen

Sivilstatus: sambuar

Yrke: jobbar ved Davik oppvekst

Hobby: det går mykje i strikking for tida

Aktuell med: leiar av Rugsund sokneråd som arrangerer julekonsert i Rugsund kyrkje søndag.


– Så det er Rugsund sokneråd som står som arrangør av julekonserten?

– Ja. Det er vi i soknerådet som trekker i trådane her, saman med organisten vår, Norvall Klungresæter.


– Kven er med på konserten denne gangen?

– På søndag får ein høyre Smalsarhorn skulemusikk, ei gruppe som heiter Nemo skal vere med oss, og så har vi Musikkverkstaden som deltek med to innslag frå dei ulike gruppene. Den eine frå barneskulen og den andre frå ungdomsskulen. Og så blir det sjølvsagt allsong.


– Er det julesongar og julestemning som står på repertoaret?

– Ja, det er nok det no når det tonar mot jul. Vi håpar å skape julestemning og ei god og fredfull stemning no midt i den travle adventstida.


– Kva er noko av det vi får høyre på søndag?

– Vi får mellom anna høyre Nordnorsk julesalme, Julen er her og Selmas song. Og så skal Bertine, som går i sjette klasse, synge solo saman med Norvall.


– Er det ein song som alltid må vere med på julekonserten?

– Ja, Norvall har ein song, Nå vandrer fra hver en verdens krok, som alltid må vere med. Då syng alle med. Og så avsluttar vi sjølvsagt med Deilig er jorden der også alle syng.


– Går tradisjonen med julekonsert i kyrkja langt tilbake i tid?

– Ja, det er no lenge eg før eg kom til Rugsund i 1997. Då var det allereie julekonsertar.


– Pleier folk å møte opp på julekonserten?

– Ja, det gjer dei. Vi pleier å ligge på rundt ein 100 pluss, og det er bra. Vi har inntrykk av at folk likar tradisjonen og set pris på det. Og det kjem ikkje berre bygdefolk, men også folk frå fleire av bygdene rundt omkring på sørsida.


– Kvifor bør folk få med seg julekonserten?

– Ein slik julekonsert er ei anledning til å få seg ei god pause i ei hektisk adventstid. Ein kan kome inn i kyrkja, trekke pusten djupt og berre nyte stunda og musikken.