– Vintervedlikehaldet på fylkesveg 616 er alt for dårleg, og det råkar alle i ytre Bremanger. Mange trailersjåførar kvir seg for å køyre denne vegen, og det er sjåførar som rett og slett nektar å køyre til Kalvåg for å hente sild. Dei meiner det er for farleg å køyre på glatt og dårleg veg, seier Per Røys, fabrikksjef på Pelagia i Kalvåg.

Stor trailertrafikk

Dagleg går det 6–7 trailerar med sildetønner frå fabrikken i Kalvåg, og dei siste dagane har bilane hatt store problem med å komme seg til og frå Kalvåg på grunn av glatte vegar, fortel Røys.

Han meiner vegvesenet må sette strengare krav til entreprenørane.

– Dei må vere tidlegare ute med å salte og strø vegane, og dei må bruke meir sand i bakkane som vi alle veit blir problematiske, seier Røys.

Set krav

Røys sitt inntrykk er at det ikkje er bilane og utstyret som er problemet.

– Vi får kjeft fordi folk meiner trailerane som kjem frå Pelagia ikkje er godt nok utstyrt, men det er feil. Vi set krav til transportørane, og vi lastar ikkje bilar som ikkje er utstyrt for køyring på vegane her. Til dømes nektar vi å laste bilar som ikkje har treaksla trekkvogn. Det er ikkje få trailerar som har måtte køyre tomme herfrå fordi utstyret ikkje er i orden. Alle skal ha kjetting med seg, men det er opp til sjåførane om dei skal sette dei på, seier Røys.

Sjåførar nektar

Han fortel at mange sjåførar kvir seg for å køyre trailerar til Kalvåg, og han veit om fleire som rett og slett nektar, spesielt gjeld det danske og svenske sjåførar.

Han har også vore med på å hente hjelp til ein sjåfør som midtvegs mellom Oldeide og Kalvåg hadde fått nok av smal og glatt veg, og nekta å køyre vidare.

– Manglande strøing av isete vegar råkar alle i ytre Bremanger, men vi på Pelagia merkar det godt fordi mange av våre tilsette køyrer på desse vegane, og fordi alt vi produserer blir køyrt ut med trailerar, seier Røys, og legg til:

– I haust og vinter har vi produsert 60.000 tønner med sild. Når kvar trailer tek 190 tønner, betyr det at vel 320 trailerar har køyrt til og frå Kalvåg desse månadene.

– Kjem det litt snø blir det problem med ein gang, slik vi har sett dei siste dagane. Vi har teke det opp med Vegvesenet at det må strøast med ein gang. Det er for seint når trailerane står på kryss og tvers, slik det var no i Oldeidebakkane.

Spleiselag

Men til sjuande og sist skuldast mange av problema også den dårlege vegstandarden på fylkesveg 616.

– Den må det gjerast noko med. Eg håpar vi kan få spleiselaget mellom kommunen, vegvesenet, fylkeskommunen og innbyggarane i Ytre Bremanger til å fungere. Ser vi på kva dei må betale i bompengar andre stader, til dømes i Førde, så må det vere mogleg for folk i ytre å bidra til spleiselaget. Dersom kvar husstand betalar kr 1.750 så blir det dei to millionane som trengst. Då kan vi få utbetra dei verste strekningane på vegen, seier Per Røys.

Har eit ekstra fokus på fv. 616

Lars Karlsen i Statens vegvesen seier dei har fokus på fv. 616 om vinteren, og eit spesielt fokus på Oldeidsbakkane.

– Vi er jo kjend med vegen og har eit ekstra fokus på strekninga no på vinteren. Men utfordringa er få tiltaka utført. Det som skjedde no i helga var at det kom kraftige snøbyger i eit større område langs heile kysten, og mens det snør er det vanskeleg å få gjort noko. Då kan ein verken strø eller bruke sand. Vi må vente til snøfallet stoppar, og så sette inn tiltak i etterkant. Og det er klart at ein då blir sårbare, og det blir problem nokon plassar, seier prosjektleiaren for drift og vedlikehald i Fjordane.

Dei førebur seg kvar vinter for alt som skal kome, også i Bremanger.

– Kvar haust har vi såkalla vintermøte med alle entreprenørar der vi går gjennom alle område og kjente problempunkt, seier han.

– Er manglande lokalkunnskap blant entreprenørane ei utfordring?

– Alle som brøytar for oss, også lokalt, skal gå gjennom eit kurs og ta ein eksamen før dei får lov å brøyte for oss. Her går ein gjennom alle punkt som kan vere problematiske, så dette skal vere kjend for dei.

– Så det er sjølve gjennomføringa det handlar om?

– Ja, å få gjort tiltaka så snart snøen har stoppa. Og så er jo sjølve vegstandarden ei stor utfordring for oss. Vegen er bygd i ei anna tid. Plassar som Trongesundet er bygd etter ein heilt annan vegstandard enn i dag. Det er bratt, og det er få møteplassar. Ein ville heller ikkje ha bygd Oldeidsbakkane slik i dag, men hatt slakkare kurver og stigning. Så det er ei veldig utfordring, men vi prøver å gjere det beste ut av det.

– Korleis førebur de dykk på resten av vinteren på fv. 616?

– Vi prøver å vere så førebudd som vi kan. Vi har folk på vakt, følger med på vêrmeldingene, er ute i god tid om morgonen før trafikken kjem og tar stikkprøvekontrollar rundt om på vegane for å  sjekke om entreprenørane gjer jobben ut i frå den standarden som er sett i kontrakta, avsluttar Karlsen.