Nytt anlegg kan gje fleire titals arbeidsplassar

OFS Måløy AS søkjer om å etablere landbasert oppdrettsanlegg ved bruk av RAS teknologi for matfisk av laks og aure i oppdrettstankar på land ved Barstadvik Industriområde på Raudeberg.

Illustrasjonen er hentet fra søknaden til OFS Måløy AS. 

Nyheter

Det melder Vågsøy kommune på sine heimesider torsdag. Det er søkt om totalt 15.000 tonn biomasse..

Ifølgje kommunen vil eit nytt landbasert akvakulturanlegg er forventa å gje inntil 50 arbeidsplassar når det er fullt utbygd med integrert slakting og foredling i eksisterande bygg på området.  Positive ringverknader er forventa for lokale bedrifter med kompetanse på bygg, elektro, ventilasjon, VVS med fleire. Kommunen peikar og på at eit akvakulturanlegg vil styrke TAF/YSK-akvakulturlinja på Måløy vidaregåande skule, samt Opplæringskontoret for Fiskeri og Havbruk, der intensjonsavtalar allereie er på plass.

OFS Måløy AS eies av Brødr. Andreassen Oslo AS.

Fylkeskommunen har vurdert det slik at tiltaket ikkje får vesentlege verknader for miljø eller samfunn og at det difor ikkje er krav til konsekvensutgreiing. Arealbruken i søknaden er i tråd med vedtatt reguleringsplan, men det vert søkt om dispensasjon frå byggjegrense til fylkesveg 617.

Les hele søknaden her.