Stig Bakke (KrF) var blant dei.

– Eg meiner det er viktig å oppretthalde strukturane så vi kan ta imot nye innbyggarar og nytt næringsliv. Og vi har jo også nye inntekter på veg. Eg vil rose rådmannen for å gjere ein veldig god jobb, men eg synst tilnærminga er litt defensiv, litt pessimistisk.

Optimist

Joensen sjølv meinte tvert imot at han var optimist.

– Mitt poeng er at vi tener meir penger enn kommunane rundt oss, vi har meir inntekter per innbyggar. Men vi har også vesentleg dyrare drift enn dei rundt oss. Samtidig blir dei statlege overføringane stramma inn, og vi veit at vi har sektorar som veks. Vi må innsjå realitetane. Eg er ikkje pessimist av natur, tvert imot er eg optimist. Men la oss skaffe oss handlingsrom og ikkje bruke opp alt vi har. Vi har dei aller beste føresetnadene for å klare dette, men vi må tenke nytt.

Går ut over kvaliteten

Tordentala frå rådmannen er ikkje noko nytt for politikarane. Den har Joensen allereie perfeksjonert over fleire år, og han meiner at politikarane no har kutta så hardt i alle sektorar at det går på kvaliteten laus.

– De har fordelt pengane og kutta i alle sektorar. Det blir mindre alle stader. Er det smart over tid? Eg meiner nei, men det er eit bevisst politisk val. Det blir mykje pengar når ein summerer. Ein må velje. Ja til noko betyr nei til noko anna. Men vår marsjordre no er å sy dette saman og forsøke å få det til. Og då blir det slik – kutt over heile fjøla, sa han til dei.

Mest i helse og oppvekst

Politikarane måtte kutte om lag 10 millionar i neste års budsjett. Dette rammar helse og omsorg med vel 4,5 millionar, oppvekst med nær 3 millionar, kultur med 220.000, sentraladministrasjon med 600.000 samt at stillingar vert haldne vakante (til dømes personalsjef) NAV med 300.000, kyrkjene med 500.000, teknisk drift med 340.000, samt plan og forvaltning med 350.000

Innanfor ramma måtte ein også finne plass til auka utgifter til barnevern og pensjon. Rustenesta skal styrkast, og ein skal ha meir til tidleg innsats og førebyggande tiltak for barn og unge. I tillegg blir grensa for når kommunen kan krevje refusjon for tenester til ressurskrevjande brukarar heva.

Det som reddar kommunen i 2018 er faktisk buoppgjeret for Terra Securities der Bremanger får vel 23 millionar frå buet, noko som i tillegg til underskotsdekninga går til å auke nedbetalinga av det akkumulerte underskotet etter Terra-saka. Med desse pengane klarer Bremanger å betale ned 39,5 millionar i år, nesten 14 millionar meir enn budsjettert.

Dette gir også betre utsikter for dei komande åra. I 2018 kan Bremanger kome unna med 14 millionar i Terra-nedbetaling, i 2019 ti millionar, i 2020 åtte og og 2021, siste inndekkingsår, seks millionar.

Ser lyst på det

Rådmann Tom Joensen innrømmer at Bremanger framleis er i ein krevjande situasjon.

– Det er krevjande. Vi må ta inn over oss alvoret den kommunale økonomien og ikkje bruke alle pengane vi har. Vi må skaffe oss handlingsrom.Men då har vi alle føresetnader for å klare dette.

På spørsmål om kor mykje pengar Bremanger hadde på konto akkurat no svarte rådmannen:

– Vi må opp igjen på 50 millionar på løpande likviditet, men vi er ikkje der i dag. Men vi vil kome opp igjen i perioden.