– Vi er leie av å drive fiskeri i motbakke

Reiarlaget Frøybas AS i Kalvåg vann rettsaka om torskekvotar mot Staten og ville satse vidare. Men den langvarige rettsaka sette sine spor for no gir dei seg med fiske, og sel dei to fiskebåtane Frøybas og Frøyhav ut av bygda.

Vann, men tapte: Dei vann rettsaka, men mista lysta til å drive med fiskeri. - Det var inga enkel avgjerd. Men då vi fekk eit tilbod, og prisen var rett, var alle samde om å selje båtane. Vi vil ikkje drive med dette lenger, seier to av eigarene i Frøybas AS, Ronny Larsen og Paul Stian Igland. Foto: Kjell Aga Ulvestad. 

Nyheter

- Vi sel med tungt hjarte, men vi er leie av drive fiskeri i motbakke med dagens kortsiktige  fiskeripolitikk.  Det er så usikkert kva som kan skje i framtida, at vi ikkje orkar å vere med lenger, seier eigarane.

11 fiskarar i Kalvåg og Bremanger mister jobben som følge av denne avgjerda.