Almaz likar den norske likestillingsmodellen

Almaz Teklay frå Eritrea tek eit ekstra tak heime no når mannen studerer. Men snart blir rollene bytt om.

Almaz Teklay fortel at planen er å bli helsefagarbeidar når mannen er ferdig med same utdanning. – Eg likar den norske modellen der både menn og kvinner er i jobb og deler på ansvaret heime, seier Almaz. Foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Nyheter

– Eg likar den norske modellen der både kvinner og menn er i arbeid, samstundes som dei deler på gjeremål i heimen, seier Almaz, som kom til Måløy i fjor sommar etter ei dramatisk flukt frå heimlandet med sonen Esey som no er 5 år.