Vaks seg mykje større enn Aina hadde trudd

Då Aina Moldskred Krakset og mannen Olav planla besøksgard på Hakallestranda for 12 år sidan, såg dei for seg å eit enkelt konsept med å invitere folk inn på tunet og servere vaflar. Det er blitt noko mykje større.
Nyheter

– Det er blitt mykje større enn eg såg for meg. Vi har utvikla oss heile tida etter behov. Vi innsåg til dømes raskt at det ikkje heldt å berre servere vaflar. Når folk kjem og er i tre-fire timar, vert dei svoltne. Då må vi tilby dei mat. Vi har hatt bratt vekst i besøkstal og læringskurve, konstaterer Aina Moldskred Krakset, gründer av Hakallegarden.