Det er NRK som melder saka fredag.

Terra-kommunane får samla 128 millionar kroner etter at dei i utgangspunktet kravde 934 millionar.

– Kommunane er godt nøgde med 128 millionar kroner sett i lys av pengane som er att i konkursbuet, seier Ulf Larsen, som mellom anna er Bremanger kommune sin advokat i saka til NRK.

I ti år har kommunane og andre store kravshavarar kjempa om pengane i konkursbuet etter Terra Securities. Meklarhuset blei slått konkurs i 2007, men fyrst like før jul blei kreditorane samde med bustyrar Jon Skjørshammer om korleis dei vel 170 millionar kronene i buet skal fordelast:

  • Terra-kommunane får 128,2 millionar kroner (75 prosent av pengane i buet)

  • Citigroup Global Markeds Limited får 16,6 millionar kroner (10 prosent)

  • Jernbygg AS og Akershus interkommunale pensjonskasse får 1,8 millionar kroner (1 prosent)

  • Andre mindre kreditorar får til saman 22,4 millionar kroner (13 prosent)

Bremanger får 18 prosent

Terra-kommunane kravde i utgangspunktet 934,6 millionar kroner og er største kreditor. No får kommunane altså utbetalt 128 millionar kroner etter følgjande fordelingsnøkkel:

  • Narvik: 27,4 millionar kroner (21 prosent av det Terra-kommunane får utbetalt totalt)

  • Rana: 24,2 millionar kroner (19 prosent)

  • Bremanger: 23,5 millionar kroner (18 prosent)

  • Haugesund: 18,5 millionar kroner (14 prosent)

  • Vik: 13,0 millionar kroner (10 prosent)

  • Hattfjelldal: 9,8 millionar kroner (8 prosent)

  • Hemnes: 9,1 millionar kroner (7 prosent)

  • Kvinesdal: 2,7 millionar kroner (2 prosent)

Måtte redusere kravet

Hadde det ikkje blitt semje før jul, kunne konkursbuet blitt mat for domstolane. Ei slik tidkrevjande og dyr rettssak ønskte ingen.

I tillegg fekk bustyraren alle kreditorane med på å redusere krava sine i buet med minst 25 prosent, rapporterer NRK.

  • Terra-kommunane reduserte kravet frå 934,6 til 701,0 millionar kroner

  • Citigroup Global Markeds Limited frå 128,0 til 96,0 millionar kroner

  • Jernbygg AS og Akershus interkommunale pensjonskasse frå 99,7 til 10,0 millionar kroner

– For å finne ei løysing var det ein føresetnad at alle dei store kreditorane reduserte krava, seier Larsen.

– Det som reddar oss er buoppgjeret for Terra Securities.

Bremanger sine vel 23 millionar frå buet, i tillegg til underskotsdekning, går til å auke nedbetalinga av det akkumulerte underskotet.

– Ei slik nedtrapping gjer at vi kan halde ramma for drifta meir stabil dei kommande åra, seier rådmannen.