Venta seg debatt – fekk jobb

Midt i debatten om taretråling i Bremangerpollen ringde fiskeriminister og nestleiar i Frp, Per Sandberg, til stortingskandidat Britt Dalsbotten. Men det ho trudde skulle bli eit innlegg i debatten, var tvert imot ein jobbførespurnad ho ikkje kunne takke nei til.
Nyheter

Dermed blei kvardagen snudd på hovudet for den arbeidsledige Britt Dalsbotten som har vore ei av dei fremste Frp-stemmene i Sogn og Fjordane. No er ho å finne som politisk rådgjevar i Nærings- og fiskeridepartementet i Oslo.