– Eg er veldig takknemleg for at eg får jobbe med luksus.

Som tenåring tråkla Torunn saman sine eigne klede. I dag kan ho velje og vrake i jobbar ved dei største motehusa i verda.
Nyheter

– Eg er veldig takknemleg for at eg får jobbe med luksus. Kreativt sett er det ganske spesielt. Det er ikkje så mykje snakk om at det vi lagar skal selje best eller treffe ei viss kundegruppe. Eg får jobbe med verdas beste teknikarar og vanvitig gode tekstilar. Det set eg utruleg stor pris på, seier Torunn Mjånes Myklebust frå Barmen i Selje.