Rår unge kvinner til å køyre på i yrkeslivet

Janne Storevik er landets yngste kommunale økonomisjef. – Hiv deg uti, køyr på, stå på og jobb, er 25-åringen sitt råd til unge kvinner som vil opp og fram i yrkeslivet.

Kom heim og vart sjef: Janne Storevik frå Eid flytta tilbake til Nordfjord etter økonomistudiar i Bø i Telemark. 25-åringen trur det kan vere eit lurt karrieresteg å søkje seg til jobbar i distrikts-Norge der det ikkje er like hard konkurranse om toppjobbane som i ein by. No er ho landets yngste kommunale økonomisjef. FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD 

Nyheter

– Sjølvsagt må du ha det faglege i botnen. Du må kunne faget ditt. Mi erfaring etter å ha hatt denne jobben i nærmare to år, er at det går bra. Det er mykje ansvar og stort press, men du har ikkje alt ansvaret åleine. Du har andre å støtte deg på, seier eidaren som har ansvaret for økonomistyringa i Gloppen kommune.