Likestilt:

– Vi ønskjer å sjå kvar unge som ein snøkrystall, unik

Då Karina Kjørstad og Mari Henden Nilsen ikkje fekk barnehage til ungane sine, starta dei sin eigen. No er barnehagen blant landets beste.

Snøkrystallen småbarnehage vart starta av Karina Kjørstad og Mari Henden Nilsen i 2007. Barnehagen fekk nyleg toppscore i Utdanningsdirektoratet si undersøking, og er med det blant landets beste barnehagar. Kjørstad gir dei tilsette æra. – Det er dei som ser foreldra og ungane kvar dag som skal ha den største æra. Det er vi stolte av, seier ho. Her assistent Linda Hjelle (f.v.), pedagogisk leiar Bente Elise Thunem Hjelle og barne- og ungdomsarbeider Else Bjørlo. Alle foto: Siri Kolseth  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Desse barnehagane får toppscore

Snøkrystallen småbarnehage på Nordfjordeid og Fjordly barnehage på Bryggja er kåra til to av landets 45 beste barnehagar.

– Det er veldig kjekt at foreldra er fornøgde. Vi er ein liten og tett barnehage, noko som gjer at vi har godt samarbeid med foreldra og det er oversiktleg for ungane. I tillegg har vi kompetente vaksne med god fagleg bakgrunn, fortel styrar og eigar Karina Kjørstad, og legg til:

– Det handlar om å sjå ungane og vere der saman med dei. Det har vi moglegheit til, og det var det vi tenkte då vi starta ein liten barnehage for dei minste.