– Dette må vi snart ta innover oss – elles er det ikkje sikkert at eg er rette person til å styre

Bremanger-rådmannen kjem med ei kraftig åtvaring til politikarane etter nok eit år med meirforbruk i kraftkommunen.

Rådmann Tom Joensen ropar varsku for 2018 og åra framover om Bremanger-politikarane ikkje snart tek drastiske grep for å redusere utgiftene kommunen brukar på tenester, spesielt i helse- og omsorgssektoren. Foto: Svanhild Breidalen 

Nyheter

– Det er ikkje samsvar mellom rammene og tenestevolumet. Og det må vi snart ta innover oss – elles er det ikkje sikkert at eg er rette person til å styre dette! sa Bremanger-rådmann Tom Joensen i kommunestyret torsdag føremiddag.