– Vi har ei delt innstilling. Fleirtalet går for Kristin Maurstad. Ho er ein erfaren politikar, er i dag ordførar og har hatt sentrale verv. Mindretalet går for Siri Sandvik som også er ein erfaren politikar, seier leiar Clara Øberg for nominasjonsnemnda til NRK Sogn og Fjordane som først omtalte saka.

Øberg seier vidare at dette ikkje er ein grei situasjon for valnemnda.

– Vi har berre ein nestleiar i partiet, og ei av dei vil tape. Dette er to flinke damer, og eg skulle ønske at vi ikkje var i denne situasjonen. No blir det årsmøtet som bestemmer kven som får vervet.

Nominasjonsnemnda innstiller Hilmar Høl til leiarvervet i partiet.

Årsmøtet til Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane blir arrangert i Førde komande helg.