Slik skal dei redusere energibruken

Eid kommune inngår i desse dagar ei energisparekontrakt.
Nyheter

Kontrakta omfatter analyse av energibruk  og gjennomføring av dei tiltaka kommunane vil gjennomføre i 12 kommunale føremålsbygg i Eid. Tiltaka kan omfatte alt frå etterisolering av loft, installasjon av styringsautomatikk i bygga til installasjon av LED-armaturar.

Kommunane i Norge har siste fem åra teke denne EPC-modellen i bruk. Kommunenes sentralforbrund (KS) utarbeidde malar for EPC-gjennomføring i norske kommuner i 2010. Modellen er mykje brukt i Sverige, Tyskland, Østerrike, USA osv. I nærområdet er Volda og Herøy kommuner i gang med EPC-prosjekt

– Det mest spesielle med modellen er at kommunen etter å ha gjennomført ein konkurranse med utlysing på Doffin,  inngår ei kontrakt med ein entreprenør som garanterer den energireduksjonen og dei investeringane som er utrekna. Entreprenøren gjennomfører energianalyser av valte bygg. Kommunen vel kva tiltak dei vil ta med i investeringspakka. Både investeringar og spara kWh-ar er kjent på dette tidspunktet og begge delar er garanterte ytingar frå entreprenøren, heiter det i ei pressemelding frå Eid kommune.

Garantien som entreprenøren gir for redusert energibruk skal haldast i heile inntjeningstida for investeringspakka. I desse åra skal det som del av ytingane også gjennomførast minst 4 kursdager pr år for driftspersonell i tillegg til tett samarbeid mellom entreprenør og kommune om drift av tiltak.

I tradisjonelle gjennomføringsmodellar som er brukt tidlegere ligg det ingen garantiar for at utrekna energisparing faktisk blir realitet.

Kontrakt er inngått med AF Energi og miljøteknikk. Entreprenøren har fleire slike kontrakter i Norge. Siv. ing. Kjell Gurigard AS er rådgjevar for kommunen. Han har forhandla og bidrege i nær samtlege EPC-prosjekt (over 60 stk) etter KS sine malar i Norge.

Fakta:

• Antal bygg: 12 stk

• Oppvarma areal i dei 12 bygga: 22800 m2

• Energiforbruk i disse bygga før gjennomføring: ca 4 GWh/år ( 4 millionar kwh/år)

• Berekna minimum energireduksjon 22,5 prosent reduksjon frå førforbruket.

• Inntjeningstid med 5% rente og dagens energiprisar: 13,2 år før offentleg støtte.

• Noverdien for prosjektet i løpet av ei 15 års periode er 341.000 kroner før offentleg støtte.

Det blir invitert til oppstartmøte på Eid rådhus tysdag 20. mars.