– Ei gladsak for begge fylka

Tannhelsetenesta i det nye fylket på Vestlandet skal leiast frå Bergen.

Illustrasjonsfoto 

Nyheter

Torsdag 8. mars vedtok fellesnemnda for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane den administrative organiseringa av tannhelsetenesta i det nye storfylket. Vedtaket seier at tannhelsetenesta skal leiast frå Bergen.

– Dette er eit gledeleg, samrøystes vedtak. Direktør for tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane og eg er samde om at dette er den beste måten å leie tannhelsetenesta på. Vi grunngjev det med det sterke fagmiljøet som tannhelsetenesta i Hordaland har bygt opp i Bergen saman med Universitetet. Vi skal og etablere eit spesialisthelsetilbod i Sogn og Fjordane, seier fylkestannlege Arne Åsan i Hordaland.

Kort reiseveg og gode tenester

– Dette er ei gladsak for begge fylka. Sogn og Fjordane har gitt på den sida at tannhelsetenesta skal administrerast frå Bergen, men samstundes trur eg mest me har fått ved at me får sikra eit stort og godt fagmiljø for dei tilsette, og det kjem pasientane til gode, seier Clara Øberg, direktør for tannhelsetensta i Sogn og Fjordane.

I tillegg å støtta innstillinga frå fylkesrådmennene fekk politikarane med eit punkt som skal sikra ein desentralisert modell for spesialisttannhelsetenesta. Det er tannhelsedirektøren glad for.

– Det betyr kort reiseveg og gode tenester for pasientane.

Desentralisert arbeidsdeling

Tannhelsetenesta i dei to fylka har i dag til saman 525 tilsette og 63 tannklinikkar. På same måte som innanfor andre tenesteområde, vil fellesnemnda leggje opp til ei desentralisert arbeidsdeling innan tannhelseadministrasjonen.

Nærleiken til klinikkleiarane og den desentraliserte klinikkstrukturen tilseier at det må vere kompetansearbeidsplassar både i Hordaland og Sogn og Fjordane knytt til leiing og administrasjon også etter 1. januar 2020.

Tannhelsetenesta sitt kompetansesenter Vest/Hordaland er i dag eitt av seks regionale odontologiske kompetansesenter i Noreg, lokalisert i Bergen. Vedtaket i fellesnemnda slår fast at kompetansesenteret skal vere base for spesialisttannhelsetenesta i det nye fylket etter ein desentralisert modell, der spesialistar frå senteret òg utfører tenester i Sogn og Fjordane.