Likestilt:

– Mange kan kjenne seg att i å oppleve forventningar knytt til eige kjønn

Når Sigrun (30) ikkje turnerer med eit av banda sine, jobbar ho som sykkel-mekanikar. Men bryggjaværingen vil ikkje bli sat i bås av den grunn.

Sigrun Sæbø Åland er utdanna musikkvitar frå Universitetet i Oslo og har tidlegare vore redaktør i RadiOrakel. 30-åringen frå Bryggja har alltid vore sykkelfrelst, derfor likar ho seg på verkstaden til Oslo Sportslager i Oslo der ho er heiltidstilsett. Foto: Odd Inge Rand  

Nyheter

Sigrun Sæbø Åland er utøvande frilansmusikar, og jobbar også som mekanikar på sykkelverkstaden til Oslo Sportslager i Torggata. At folk kan tenke at det ikkje er typisk «jentete», kan irritere ho litt.