Har signert kontraktar på sju nye ferjer

Fjord1 har skrive kontraktar på bygging av fem ferjer med Havyard Ship Technology. I tillegg har Fjord1 skrive to kontraktar med Cemre Shipyard i Tyrkia.
Nyheter

– Alle ferjene er i verdstoppen når det kjem til innovasjon og miljø, og skal driftast med null- og lågutsleppsteknologi basert på elektrisk framdrift, heiter det i ei pressemelding frå Fjord1.

Fjord1 har inntatt ei leiande rolle innan det grøne skiftet i norsk transportnæring, og eroppteken av lave energifotavtrykk, heiter det vidare i meldinga. Dei siste månadane har Fjord1 signert ei rekke skipskontraktar, og felles for desse er at det er norske leverandørar som har fått kontraktane.


– Vi ser at norske leverandørar er i fremste linje når det kjem til innovasjon i forhold til miljø og teknologi, noko som er avgjerande viktig for oss i Fjord1. I denne kontraktsprosessen var det fleire norske verft som leverte tilbod og som var med i finalerunden. Vi er svært glade for å sjå at dei norske verfta er blitt konkurransedyktige på pris, kvalitet og leveringstider på fartøya, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.