Krev fleire oppgåver til dei nye fylka

– Stortingspolitikarane må no syte for at fylkeskommunane får større oppgåver, økonomiske musklar og makt til å fylle den nye rolla og medverke til at vi får tre reelle folkevalde nivå i Noreg.

Fylkesleiar Sigurd Reksnes og Senterpartiet meiner fylkeskommunane må få større og fleire oppgåver. Arkivfoto: Christina Cantero 

Nyheter

Dette heiter det i ei fråsegn frå Sogn og fjordane Senterparti.

Partiet meiner regionreforma har vore ei sentraliserande og udemokratisk reform.

– No når fleirtalet på Stortinget meiner det er behov for større og sterkare regionale folkevalde einingar og har vedteke å halvere talet på fylkeskommunar, så er det Stortinget sitt ansvar å følgje opp, heiter det i fråsegna.


Vil ikkje gi frå seg retten til å bestemme sjølv

Gruppeleiar for Senterpartiet, Sigurd Reksnes, la på møte i Fylkesutvalet måndag fram forslag til fråsegn om å seie nei til innlemming av EU sin tredje energimarknadspakke i norsk lov

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti meiner at auka folkevalt styring nærare folk vil gjere det enklare å ta utgangspunkt i kvar enkelt fylke sine fortrinn og utfordringar. 

– Lokal kunnskap vil føre til meir skreddarsydde løysingar i kvart enkelt fylke. Flytting av oppgåver frå sentralt byråkrati til nærare folkevald nivå, vil gje ei vitalisering av lokaldemokratiet.

Partiet meiner fleire oppgåver må flyttast ut frå statleg byråkrati og til folkevald nivå i dei nye fylkeskommunane. Desse oppgåvene er Bufetat og familievern og statped, og at dei folkevalde samstundes må få auka ansvar for forsking, kultur, planlegging, rovdyrpolitikken og integreringspolitikken.