Håpar innsamling skal hjelpe flest mogleg

Tredjeklassingar ved Måløy vidaregåande skule går i dag, tysdag, med bøsser til inntekt for Kreftforeningen.

Håpar på støtte: Russen ved Måløy vidaregåande skule skal tysdag gå med bøsse til inntekt for Krafttak mot kreft. Aksjonsleiar Shato Shwana Raoof håpar mange vil bidra.   Foto: Privat

Nyheter

– Dette er ei utruleg viktig sak. Det er fleire i klassa som har opplevd at nær familie eller nokon dei kjenner har blitt råka av kreft, så vi vil gjerne vere med å støtte, fortel aksjonsleiar ved Måløy vidaregåande skule Shato Shwana Raoof.

Dei om lag 45 elevane skal banke på dører i Vågsøy, samt på Flatraket og i delar av Selje tysdag ettermiddag.

– Vi har med oss bøsser så folk kan gi kontantar, men vi har også ein Vipps-konto dei kan overføre til, seier Raoof.

Måndag var Kreftforeningen til stades på skulen for å halde ein kickoff for elevane.

– Dei fortel om temaet for innsamlingsaksjonen og gir alle som skal ut å gå litt ekstra motivasjon, forklarar Raoof.

Temaet for årets Krafttak mot kreft er seinskadar. Ifølge Kreftforeningen sine eigne tal får over 32.000 menneske i Norge kreft kvart år. Foreininga skriv på sine nettsider at moderne kreftbehandling reddar livet til mange, og at to av tre kreftpasientar overlever.

– Men både for overleverar og dei som lever med uhelbredelig kreft kan den tøffe behandlinga ha ein høg pris: Dei får seinskadar etter behandlinga, og livet blir ikkje det same som før dei fekk kreft, skriv Kreftforeningen på sine nettsider.

– Fokuset er at sjølv om ein har overlevd, så treng ein å auke livskvaliteten. Det har vi lyst til å vere med å bidra til, supplerer aksjonsleiar Raoof.

Også russen ved Eid vidaregåande skule skal gå med bøsser for Krafttak mot kreft dagen etterpå.

– Eidarussen 2018 er i gang med årets viktigaste knute – innsamlinga til kreftaksjonen. Vi håper med dette at flest mogleg vil støtte innsamlinga, ved å vippse eit beløp eller ved å gje eit beløp då vi kjem rundt på dørene med bøsser 14. mars. Håper du vil vere med å hjelpe oss å nå målet vårt, skriv Eidarussen på Facebook-sida si.