Meinte bilbelte var unødvendig

Under Statens vegvesen sine kontrollar laurdag meinte to av sjåførane som vart stogga at bilbelte var unødvendig i tettbygde strok.

Statens vegvesen og politiet gjennomførte denne helga kontrollar i Deknepollen, på Bryggja og Nordfjordeid. To av sjåførane som mangla bilbelte meinte det var unødvendig. Illustrasjonsfoto  Foto: Janne Weltzien Listhaug

Nyheter

– To av sjåførane som fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte, meinte det var unødvendig å bruke bilbelte i tettbygd strøk. Dette viser mangel på kunnskap om konsekvensar dersom ein får ein bråstopp i tettbygd strøk, skriv Statens vegvesen, i ein kommentar til kontrollane og held fram:

– Å kollidere i 50 kilometer i timen utan bilbelte svarar til eit fall på om lag ti meter. Så vi oppmodar alle om alltid å bruke bilbelte.

Vegvesenet hadde laurdag kontrollar av lette køyretøy og bilbeltebruk i Deknepollen, på Bryggja og Nordfjordeid. Delar av kontrollane skjedde i samarbeid med politiet i Vågsøy. 339 køyretøy vart kontrollerte.

Seks av desse fekk bruksforbod eller vart avskilta.

I tillegg vart det i kontrollane i Vågsøy og Eid delt ut fire bilbeltegebyr, eitt vognkortgebyr og to dekkgebyr.