Vann kampen om nestleiarvervet

Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad er valt til ny nestleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad er valt til nestleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Arkivfoto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

Kampen om vervet stod mellom Maurstad og Siri Sandvik frå Eid.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane vart det gjennomført skriftleg votering, og oppteljinga synte at Maurstad fekk 61 røyster, medan Sandvik fekk 46.


Lokale politikarar kjempar om toppverv

Nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane Arbeidarparti er ikkje einige om kven som bør bli nestleiar i partiet. Kandidatane er Kristin Maurstad frå Vågsøy og Siri Sandvik frå Eid.

– Eg set stor pris på at årsmøtet ønskte meg. Eg har veldig stor respekt for Siri, og er veldig glad for at ho held fram i styret, sa Maurstad til NRK etter valet.

Siri Sandvik vart samrøystes attvalt som leiar for kvinnenettverket, og skriv på sin Facebook-profil at ho er glad for at ho får halde fram i styret:

– Det var ein viss fare for meg å ryke heilt ut av styret. Men eg er no gjenvald som leiar for kvinnenettverket. Det er eg umåteleg glad for - eg har mykje ugjort, og gler meg til å jobbe vidare med likestilling og å løfte fram kvinner i Arbeiderpartiet, lokalpolitikken og samfunnet generelt