Hærverk på fotballbane:

– Eg er frustrert over at folk kan oppføre seg slik

I løpet av helga har nokon ramponert grusbana ved Kolset Oppvekst. Det frustrarar Espen Gulliksen.

Slik ser grusbana ved Kolset Oppvekst ut etter at nokon har tatt seg inn på området med bil og spunne rundt. Foto: Privat 

Nyheter

– Vi har byrja å renovere bana, og har planar om å legge kunstgras. Folk burde halde seg unna. Dei som har gjort dette har gått så langt at dei har fjerna eit sykkelstativ for å få bilen inn på bana, då er det ikkje tilfeldig, seier Espen Gulliksen.

Han er prosjektleiar for arbeidet med å oppgradere grusbana. Så langt er det lagt ned over 100.000 kroner og mange dugnadstimar.

– Vi har lagt ned mykje arbeid, og har fått gjort grunnarbeidet. Eg blir ganske frustrert over korleis folk kan oppføre seg. Dette må vere gjort for å øydelegge, seier Gulliksen.


Han fortel at dette ikkje er første gong nokon har «køyrt gris» på bana ved skulen.

– Det skjedde før vi byrja å renovere bana. Den gong melde skulen det til politiet, utan at ein kom nokon veg, forklarar prosjektleiaren, som gjerne vil vite kven som har gjort dette.

– Vi vil ha slutt på det, slår Gulliksen fast.