Ferjedåp i verdas første heilelektriske samband

Idag tysdag blir Fjord1 sine heileelektriske ferjer, MF Gloppefjord og MF Eidsfjord døypt.

MF Gloppefjord (bildet) og MF Eidsfjord vert døypt tysdag. Foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Nyheter

Ferjene trafikkerer verdas første heilelektriske samband, Lote-Anda. For Fjord1 har bygginga av desse to ferjene vore eit prestisjeprosjekt som selskapet er svært stolt over å ha lukkast med.

– Dette er ein merkedag i Fjord1. MF Gloppefjord og MF Eidsfjord markerer det grøne skiftet i ferjenæringa, og vi i Fjord1 er stolte over å vere leiande i dette miljøskiftet. Vi ynskjer difor at denne ferjedåpen skal bli ein folkefest for innbyggarane i lokalområdet og oppmodar publikum til å møte opp på Kattahamrane ved Felleskjøpet på Sandane, fortel administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland i ei pressemelding.